Informações:
Sinopse
Firdaposten sin offisielle podcastside!
Episódios
-
Pensjonert urmann forlot bryllaup i fosterstilling med avrevet korsbånd og ei glass-Cola i stumpen
02/06/2020 Duração: 01h13minTempopodden fortset sin Florø-turné, og har denne gangen lagt anker i vakre Vågastubben. På altanen til tiårets keeper i FK Tempo, er nysigneringa Simen Reksten Solheim på besøk, for å preike om laust og fast i kveldssola. I dagens episode får lyttarane eit eksklusivt innblikk i Florø Fotballs «last dance» i OBOS, erfaringar frå byens mest tradisjonsrike fotballturneringar, historia om då Simen pensjonerte Eirik Bakke, og mykje meir! I tillegg får ein svar på dei etterlengta spørsmåla: Kven selde sjela si for ein glass-Cola? Kva skjedde eigentleg når Ole rauk korsbandet? Og kven var denne urmannen som blotta seg til Keltisk musikk i Fagerdalen?
-
Mann med mageproblem anmeldt etter å ha utført knebøy på Amfi
26/05/2020 Duração: 01h39minI dagens episode, er Florøs most wanted invitert inn til sheriffens landsby på Amfisenteret. Det blir gastronomisk innspeling på byens beste saloon, utlysing av dusørpremie på ein dommer i Breimsbygda, og Tempos største mjauer blir satt i gapestokk. Siste pennestrøket på tiårets lag skal settast, med ein third act twist som sjølv M. Night Shyamalan må ta av seg hatten for. Tiårets trenar skal kårast, og vi får ein grundig gjennomgang av karriera til Dani Winther. I tillegg blir det nye forviklingar frå bingen, råd mot underlivsproblemer, Teddy Sheringhams møte med ein ufyseleg nordmann, og mykje meir!
-
Sjøormen Thunes fikk smultring av uegoistisk spiss
19/05/2020 Duração: 01h35minTradisjonen tru, har byens mest prominente innbyggjarar samla seg på Florø stadion når nasjonaldagen lir mot kveld. Apropos tradisjon, må det sjølvsagt rettast opp i feil frå forrige podcast. Det bydast også på kontroverser, samt den faste dosen med generell pisspreik. Denne gangen er det krumtappen i eit kvart lag, nemleg angrepet, som skal kårast i anledning tiårets lag for FK Tempo. Her er det sylskarp konkurranse blant notoriske måljegera og påståtte tilretteleggjera. Blir det som i glansdagane, der det i realiteten berre var sju ledige plassa å kjempe om, eller har Tempomafiaen stempla ut siste ruta i klippekortet? Kven av kandidatane har gått frå sexylubben til tynn, og omvendt? Kven har måtte finne seg i å vike plass for ei tidlegare Bodø Glimt-legende? Kven har som fast kamprituale å smuge på sidelinja før kamp? Dette, og mykje meir, får du svaret på i dagens episode! I tillegg til dette, blir det velkjente sleivspark oppover, oppsummering frå Tempohistoriens første pandemi-tilrettelagte fotballtren
-
Bortvist frå garden av søstera til tidlegare Facebook-venn
12/05/2020 Duração: 01h18minI dagens episode, har Kristian sett seg lei av rolla som podcastens nikkedukke, og tar bladet frå munnen for å dele ut noken pisselunkne kraftsalver. Benjamin kjem med siste nytt om passion-prosjektet han har omtalt som sitt fjerde barn (les: ballbinge i Breivika), og like sikkert som at julafta kjem kvert år, blir det også oppklaringar av faktafeil frå forrige episode. Jakta på kven som har gjort seg fortent til ein plass i midtbanefiraren på tiårets lag, blir grundig gått etter i sømmane, så om du er ein av dei som synes at både oppvask for hånd, gjennomgang av skattemelding og tørrprat med svigers framstår som meir fristande enn å høyre ein nøye gjennomgang av 34 heilt OK fotballspelera, er nok ikkje dette episoden for deg. Vi kan dòg freiste med at det sniker seg inn både gode historier og juicy gossip iløpet av evalueringsprosessen. Veit du til dømes kven av kandidatane Kristian angjeveleg har prøvd seg på søstera til, eller kven av dei som har sletta Benjamin som venn på Facebook? Svaret får du her!
-
Utakknemleg keeper stjal rampelyset etter å ha tapt mot Abid Raja i Viggo
05/05/2020 Duração: 01h21minEtter ei dramatisk uke med interne intriger og høglytt kjekling (over internett), er det blitt røyka fredsipe og harmonien har returnert til Tempopodden. Tiårets lag velger seg ikkje sjølv, og denne gangen er det forsvarsfiraren som står for tur. Er du over gjennomsnittleg interessert i å høyre oppramsing av navn, er dette episoden for deg! Den prominente lista over aktuelle kandidater, inneholder mellom anna kongen av Sjøboden, Bulmer-poeten, Dingsen og Sigøynerkongen. I tillegg til dette, blir det sendt eit par stikk i retning Florø fotball sine siste krumspring på sosiale medier den siste tida, tilbakemeldinger på innsatsen til forrige ukes gjester og Benjamin tar seg ein tur opp på såpeboksen for å dele ut ris i "Korona vs fotball" -debatten.
-
Åge Hareide observert i Breivika med bursdagsbarnet Kristian Vårdal (37 år)
28/04/2020 Duração: 01h10minThe dead speak! Tempopodden er stått opp frå dei døde, dryge to veker etter Jesus. Back to basic: to mann i studio, berre ein omgang, og nesten nede i haldbar lengde. I denne episoden, kickstartast jakta på tiårets lag i FK Tempo, og keeperplassen skal først i elden. Det blir gjennomgang av alle som har teke på seg seg ut på den utakksame oppgåva med å stå bak eit vaklevore sjettedivisjonslag dei siste ti åra, med betraktningar, vurderingar, og tilhøyrande anekdotar. I tillegg til dette, blir det current news frå Breivika, ein sensurert telefonsamtale, og gjestevisitt frå to av det norske landslagets mest meritterte menn.
-
Pipefeier Anga mafialeder etter å ha filma drapsforsøk på Eikefjord Cup - Tempopoddens påskespesial - Andre omgang
09/04/2020 Duração: 49minAndre omgang av Tempopdden si omfangsrike påskespesial Etter to uker i karantene, er Tempopodden endeleg tilbake med gjester i ein heidundrandes påskespesial. Ingen ringare enn Bjarte Nesheim og Børge Nordal, frå den ærverdige Tempomafiaen, satte sine bein i det nykomponerte studioet, tilrettelagt for sosial distansering og voksenbruskonsumering. I anledning at Crème de la crème er på besøk, tar dei denne gangen for seg Bjarte sin tidlegare klubb, Anga FK. Det blir forteljinga om tidenes assist på Eikefjord stadion, utdeling av albuer, forbrødring og mimring om tidlegare legender i Førde sitt svar på FK Tempo. Utover dette, blir det historier om drapsforsøk på årsfest, spelera som forlata bana i protest, skodespelarprestasjona på Bollywood-nivå, livet som trenar i 6. divisjon, og mykje meir.
-
Pipefeier Anga mafialeder etter å ha filma drapsforsøk på Eikefjord Cup - Tempopoddens påskespesial - Første omgang:
09/04/2020 Duração: 44minEtter to uker i karantene, er Tempopodden endeleg tilbake med gjester i ein heidundrandes påskespesial. Ingen ringare enn Bjarte Nesheim og Børge Nordal, frå den ærverdige Tempomafiaen, satte sine bein i det nykomponerte studioet, tilrettelagt for sosial distansering og voksenbruskonsumering. I anledning at Crème de la crème er på besøk, tar dei denne gangen for seg Bjarte sin tidlegare klubb, Anga FK. Det blir forteljinga om tidenes assist på Eikefjord stadion, utdeling av albuer, forbrødring og mimring om tidlegare legender i Førde sitt svar på FK Tempo. Utover dette, blir det historier om drapsforsøk på årsfest, spelera som forlata bana i protest, skodespelarprestasjona på Bollywood-nivå, livet som trenar i 6. divisjon, og mykje meir.
-
Tore André Flo investerte 70 000 på date med psykolog frå Askvoll
02/04/2020 Duração: 46minNytt utstyr, bedre lyd og ingen gjester. Dagens utgåve av Tempopodden er tilbake til ei meir edruelig lengde, men inneholder fortsatt like mykje pisspreik. I denne episoden er Kristian og Benjamin meir dagsaktuelle enn noken gang, og levera "hot takes" på dei mest brennheite artiklane til Firdaposten. Øverst på dessertmenyen over divisjonskollegaer, står det denne gang "Askvoll/Holmedal". Som med alle andre lag, har Benjamin såklart ein nemesis. Det blir også servert historier om eit nesten-havari på veg til bortekamp, og kampen som fekk ein Tempo-trenar til å ta sin hatt å gå. Utover dette, blir det ein gjestevisitt frå Tore André Flo, mimring frå Benjamin sin fortid som frontmann i diverse Power Ballad-bands, langflatlegging, overgangsrykter, og såklart litt obligatorisk plapring om Florø Fotball.
-
Brettspillduo nedskallet etter å ha blitt jaget av Høyangbarn i 15 år
26/03/2020 Duração: 58minNy uke, nytt lokale, nytt utstyr, ny episode, ingen gjester og ny time med breddefotballsnakk for spesielt interesserte. I dagens episode er Kristian og Benjamin enda meir navlebeskuande enn vanleg, og forteller om sine rike og innholdsrike fotballkarrierer. Laget som står i fokus denne gang, er ingen ringare enn Høyang 2. Her blir det historier om både nedskalling av barn og mentale sammenbrudd i møte med den eldre garde. Det blir også, som alltid, dedikert eit par minutt til snakk om stoda i Florø fotball. I tillegg til dette, blir det også servert ei rørande historie om korleis ein brettspelkveld snudde livet fullstendig på hodet for to svorne fienda.
-
To idioter i karantene etter møte med hemmeleg beundrar i Førde
17/03/2020 Duração: 59minEtter ukevis med iherdig kamp, er håndduken kasta. Podcasten har standardisert seg som ein timelang affære. Denne gangen har podcasterane til FK Tempo løfta blikket opp frå nasetippen, og invitert ein gjest frå utforbi klubben. På "besøk" i studio, er ingen ringare enn journalisten, podcastaren og den prisvinnande bloggaren Arne Hjorth Johansen. I dagens episode er det Førde sitt tredjelag i 6.div som skal under lupen. Det blir også delt erfaringar rundt den historiske rivaliseringa med nabobyen i aust, og den sedvanlege kritikken av Florø fotball. I tillegg til dette, får ein lære at Benjamin ikkje er åleine om å være idiot på bana, at det er store likhetstrekk mellom to av dei tre i studio, at ein potensiell date er i emning, og at det er grobunn for nye og spennande overgangssagaer i tida framover.
-
– Vi har alle eit ansvar for å kjempe mot radikalisering. Elisabeth Harnes frå RVTS er gjest i Podcast-studio
13/03/2020 Duração: 42minKorleis kan vi forstå, og korleis kan vi forebygge radikalisering? Det er slikt Elisabeth Harnes frå Ressurssentra om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS) jobbar med. Denne veka var ho i Florø for å være med inkluderingskonferanse i regi av Kinn ressurs og utdanningssenter, og vi var heldige å fekk lurt ho med oss inn i podcaststudio for ein prat.
-
Hyllestad bortdømt av Naustdøling i dongerijakke
10/03/2020 Duração: 01h06minEtter at forrige ukes podcast utfordra grensa for kor lenge den gjengse mann i gata gidder å høyre anekdoter om eit 6.divisjonslag, vart antall gjester denne gangen redusert frå to til ein. På tross av nedskjæring i antall gjester, og heftig klippevirksomhet, endte podcasten likevel opp med å bli ein endå lengre enn sist. Dagens gjest, er ingen ringare enn quizmaster og yogaentusiast, Jon Håvard Strømsnes. Som tidlegare leder av Stimen, blir det i dagens podcast retta eit ekstra stort fokus på stoda i Florø fotball. Kort oppsummert, vil neste podcast sannsynlegvis starte med at Kristian og Benjamin nok ein gang må legge seg langflate på oppfordring frå øverste leder i Florø Fotball. Det blir sjølvsagt også ein heil del snakk om FK Tempo, treningskampen mot Tambarskjelvar, divisjonskollega Hyllestad og siste nytt i den neglebitande Book-sagaen.
-
Norgesmester inviterer Tambarskjelvar på kjendisfest
03/03/2020 Duração: 59minEtter braksuksessen med Ole-Kristian i studio forrige uke, vart det i dinna episoden fullstendig overtenning, med to pratesjuke Tempo-legender på visitt i Firdaposten sine lokaler. Det blir framføring av Limerick, til svært blanda mottagelse, anekdoter om då norgesmeisteren i biljard måtte abdisere, kjendisfest og ein skokk med andre røverhistorier. I ein episode der redigeringsansvarleg måtte jobbe overtid for å få pressa materialet til under ein time, tar dei også for seg Tambarskjelvar, Florø fotball og siste vending i den nervepirrande Book-sagaen.
-
Ungdomspolitikarane Ina Brendø og Dina Bovim er gjester i pludrepodcasten
28/02/2020 Duração: 36minEr det nokon skilnad på julemarsipan og påskemarsipan? Og er det eigentleg nokon skilnad på Ina og Dina, om ein ser bort ifrå den eine bokstaven? Det får du svar på i vekas podcast, der ungdomspolitikarane Ina Martine Brendø og Dina Bovim er gjester. Dei fortel dårlege vitsar. Dei fortel om kor vanskeleg det er å lære ungdomspolitikarar frå Måløy om forholdstal. Dei fortel kor vanskeleg det er å ta båten til Måløy. Og kven er eigentleg deira politiske forbilde? Ta ein lytt på vekas podcast og bli betre kjend med to av byens mest sentrale ungdomspolitikarar.
-
Med mafiastilongs og Gaularsixpence var krampe uungåelig
25/02/2020 Duração: 33minEtter å ha bergtatt 3% av Florøs befolkning med debuten som podcastera, er gutta frå Tempo tilbake med ein ny episode. Denne gangen er Ole-Kristian gjest i studio, og deler sine erfaringa i Tempo, med mafiaen og sin forkjærleik dei alltid tidsriktige klesplaggene stilongs og sixpence. Episoden inneholder også Kristians krampeaktige debut som poet, og Benjamins forsøk på å komme i Guinness rekordbok for hyppigst bruk av ordet "yes" i ein norskspråkleg podcast. I ein episode der 20% måtte klippast vekk og sensuren vart tatt i bruk for første gang, tar dei også for seg Gaular fotball, kor vidt Kristoffer Booka bussbillett til Eikefjord, samt eit par tygger med humble pie etter ein reprimande frå øverste hold i Florø fotball.
-
Førde-hat, Oslo-hat og Florø-patriotisme. Her er årets femte episode av pludrepodcasten til Firdaposten
21/02/2020 Duração: 40minTruls Einar Johnsen og Magnus B. Nygaard er gjester i denne vekas utgåve av Firdaposten si vekevise podcast. Det blir prat om Oslo-makta og Florø-patriotisme. Og mykje anna.
-
Viral sparkesykkel observert i Eikefjorden
18/02/2020 Duração: 37minI denne flunkande nye podcasten om FK Tempo, tar to av klubbens største ringreva, i moderne historie vel å merke, på seg oppdraget med å snu supply and demand-prinsippet fullstendig på hovudet, og tvinge fram eit behov blant Firdapostens lesarar til å halde seg oppdatert på kva som skjer i ein ganske middelmåtig 6. divisjonsklubben kvar veke. Første episode startar med at vi, i all vår audmjuke, kastar lys på våre eigne innslag i lokalavisa, på godt og vondt. Kvifor dukka ein noksagt som Kristian Vårdal plutseleg opp i Twitter-feeden til blant anna Bernt Hulsker, Bård Tufte Johansen og Ole Rolfsrud? For ikkje å snakke om den gangen Benjamin Eggen, med ein kastearm byen ikkje har sett makan til sidan Magne Føleide sine velferdsdagar på 60-talet, klarte å skape store overskrifter med nøkkelorda «sparkesykkel» og «russebuss». Utover i episoden, snakkar vi om våre kjære naboar og 6. divisjonskollegaer, Eikefjord IL. Her blir det eit par nye turar ned memory lane, også denne gong på godt og vondt. Blant anna om
-
Podcast-panelet diskutere superkrefter, og lurer på om det er på tide å innføre "Nei til Kinn-skam"
14/02/2020 Duração: 43min -
Pludrepodcasten, episode 03 - 2020 med Maren, Per Øyvind og Hjorthen
07/02/2020 Duração: 40minI Podcasten denne gongen blir Per Øyvind og Hjorthen ufrivillige deltakarar i ein sosialantropologisk studie som Maren har kokt saman. Vi er framleis litt usikre på korleis deg gjekk, men vi håpar at ho framleis vil vere med og leike med oss. Vi «bjudar» på oss sjølv, og vi snakkar sjølvsagt om dei sakene som har vore mest lesne i Firdaposten den siste veka.