Bobcast

Martin Paulsen: Dnipro - eit elvecruise gjennom ukrainsk historie

Informações:

Sinopse

Dnipro er ei av dei lengste elvene i Europa og renn midt gjennom Ukraina. Elva har hatt ei viktig rolle i utviklinga av landet. I dette foredraget følgjer Paulsen elva frå utspringet ved Valdaihøgdene i Russland, til utløpet i Svartehavet, og forteljer om avgjerande vendepunkt i elva, landet og Europa si historie. Medan anna har demningar også tidlegare vorte sprengde som eit ledd i krigføring. Martin Paulsen er instituttleiar på institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen. Han har doktorgrad i russisk og har forska på språk, kultur og samfunn i Belarus, Russland og Ukraina dei siste to tiåra.  Paulsen har tidlegare vore styreleiar Raftostiftelsen og sit i juryen for Fritt Ord og Zeit Stiftung sin Free Media Awards for journalistar i Aust-Europa.