Littpod

Klimakritikk: Er kritikken i økokrise?

Informações:

Sinopse

Med Christian Idskov, Sofia Roberg og Espen Stueland. Om klimakrisen blir så gjennomgripande som vi fryktar, krev truleg denne litteraturen òg ein ny måte å lese på. Men stemmer det at dei danske poetane er meir opptatt av klima enn dei svenske og norske kollegaene? Til det andre arrangmentet i serien kjem kritikar i Politiken og medlem i Vagants redaksjon, Christian Idskov, og litteraturkritikar og stipendiat i litteraturvitskap ved Stockholms universitet, Sofia Roberg. Roberg skriv på ei avhandling om Inger Christensens Alfabet, eit verk som har fått ein sentral posisjon innan økopoesi. Samtaleleiar er poet, kritikar og klimaengasjert essayist og forfattar, Espen Stueland.