Littpod
Barndom, eksil og rap
- Autor: Vários
- Narrador: Vários
- Editora: Podcast
- Duração: 1:01:04
- Mais informações
Informações:
Sinopse
Gaël Faye i samtale med Doriansgrave om eksil, litteraturens og musikkens kraft. Da den fransk-burundiske forfattaren Gaël Faye var 13 år, flykta familien frå Bujarumba, hovudstaden i Burundi, til Paris på grunn av borgarkrigen i landet. Med utgangspunkt i sin eigen oppvekst skildrar han i debutboka Lille land (Petit Pays) krigen mellom hutuar og tutsiar der meir enn 300 000 menneske omkom. Boka har fått fleire prestisjefylte litterære prisar og er omsett til mange språk. Det var likevel som rappar at Faye først gjorde seg bemerka. Ein kjend fransk redaktør spurde om han kanskje òg kunne skrive bok, noko som resulterte i Lille land. På Litteraturhuset vil Faye samtale med nigerianske Doriansgrave, Bergens store hiphop- slampoesiaktivist om eksil, litteraturens og musikkens kraft.