Littpod

Røff guide til samtidslitteraturen I: Oppdateringar frå lykkelandet

Informações:

Sinopse

Føredrag med Marta Norheim. Nordmenn er dei aller lykkelegaste folka i verda, i følgje eit FN-utval som undersøkte stoda i fjor. Den norske samtidslitteraturen kjem med kraftige korrigeringar. Ikkje det at dei nyaste forfattarane sutrar og klagar; dei går tvert imot inn i si tid og finn klimakrise, eldrebølgje og naturlegvis nettet, der einsame sjeler, sinnabloggarar og nettroll deler på plassen. Mange romanpersonar slit med at dei ikkje er lykkelege når dei har alle gode grunnar til å vere det. Det skal sterk rygg for å bere gode dagar i verdas lykkelegaste land. Marta Norheim har arbeidd med litteratur i NRK i ei årrekkje. I 2007 gav ho ut boka Røff guide til samtidslitteraturen. I haust kjem oppfølgjaren: Oppdateringar frå lykkelandet. Røff guide til samtidslitteraturen 2. I dette første av to føredrag på Litteraturhuset går ho først og fremst inn på dei aller nyaste trekka.