Littpod

Fakta om fiksjon: Å gje stemme til den andre

Informações:

Sinopse

Med Olaug Nilssen og Lars Amund Vaage. Kva skjer med forfattaren som møter den tause stemma i sin eigen heim, i sitt eige barn? Korleis skrive om ei røynsle som ikkje berre vedkjem ein annan – men ein som ikkje sjølv kan ta ordet og ta til motmæle? Kvar går grensa mellom å ta ansvar for ein annan, og å ta seg til rette i livet til ein annan? Med ein generasjons mellomrom har to forfattarskap vakse fram med klangbotn i den same, livsendrande røynsla: Å få eit barn med autisme. Med utgangspunkt i deira nyaste bøker, møtest Olaug Nilssen og Lars Amund Vaage til ein samtale om etikk, poetikk og den umogelege, men nødvendige, litteraturen. Intervjuar: Sandra Lillebø. Litteraturhuset i samarbeid med Norsk Forfattersentrum Vestlandet