Nasjonalbiblioteket

Konstruksjonen av Norden: Mellomalderen. Bergsveinn Birgisson og Carline Tromp

Informações:

Sinopse

Kva slags førestillingar fanst om Norden i Danmark, Sverige, Noreg og Island i mellomalderen? Korleis var naboskapen, og korleis såg omverda på oss? Islandske Bergsveinn Birgisson er doktor i norrøn filologi og forfattar av både historiske fagbøker og romanar frå vikingtida til 1700-talet, sist Reisen til livsvannet og Mannen fra middelalderen. Han møter filolog og kritikar Carline Tromp til samtale om Norden i mellomalderen. Korleis blei vi Norden? Kor kjem ideen om Norden frå, og kva utgjer eigentleg det nordiske? I ein serie arrangement gjennom 2021 vil Nasjonalbiblioteket og den tverrfaglege forskingssatsinga UiO:Norden utforske ideen om det nordiske fellesskapet – frå mellomalderen og fram til i dag. Kva har historisk sett ført oss nærmare naboane v