Nasjonalbiblioteket

Samlande salmar

Informações:

Sinopse

Den folkespråklege salmediktinga har alltid hatt ein stor plass i kyrkja. Med reformasjonen blei salmesongen særleg viktig for å sameine den teologiske læra med livserfaringane til folket, og utover 1500- og 1600-talet fekk salmediktinga eit stort oppsving. Ein av dei mest populære salmeskrivarane var ei kvinne: Dorothe Engelbretsdatter. Den første boka hennar, Siælens Sang-Offer, blei gitt ut i Christiania i 1678 og kom i heile sju utgåver berre i hennar levetid.Kva plass har salmane hatt i den kyrkjelege offentlegheita og i koplinga mellom kyrkja og allmugen? Og korleis kunne det ha seg at ein kvinneleg forfattar fekk så stor gjennomslagskraft i ei tid der kvinner elles hadde liten tilgang til det offentlege rommet? Kari Veiteberg, biskop i Oslo, og artist Kari Bremnes møter forfattar og journalist Alf Kjetil Walgermo til samtale om salmesong, Engelbretsdatter og kyrkja i offentlegheita. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.