Nasjonalbiblioteket

Arbeidernes Leksikon og arbeidarrørsla

Informações:

Sinopse

Korleis har arbeidarrørsla historisk teke plass i den norske og svenske offentlegheita? I Noreg kom «Arbeidernes leksikon» ut i åra 1932–1936. Leksikonet skulle vere ei motvekt til dei borgarlege konversasjonsleksikona og hadde ein uttalt klasseståstad. Ambisjonen var å opplyse arbeidarrørsla ut frå rørsla sin «egen opfatning av samfundsutviklingen og samfundsforholdene». Førelegget var det store sovjetleksikonet, men elles er «Arbeidernes leksikon» eineståande i verdsmålestokk.Men kvifor fann denne utgjevinga stad akkurat i Noreg, og ikkje til dømes i Sverige? Fanst det liknande ambisjonar om opplysningsarbeid i Sverige? Korleis såg i så fall desse ambisjonane ut? Den svenske historikaren og forfattaren Åsa Linderborg møter fagforeiningsmannen og skribenten Jonas Bals til samtale. Tidlegare redaktør i Klassekampen, Bjørgulv Braanen, leier samtalen. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.