Nasjonalbiblioteket

Lagabøtes landslov. Føredrag ved Jørn Øyrehagen Sunde. Del 2

Informações:

Sinopse

Magnus Lagabøtes landslov av 1274 var den tredje riksdekkjande lovboka som blei laga i Europa i mellomalderen, og den første som blei ein suksess, idet ho blei brukt i praksis. Suksessen kjem i stor grad av at rettssystemet etter landslova var basert på ein idé om eit offentleg rom der lov, rettferd og nåde blei diskutert i møtet mellom sentralmakt og lokal styringsdeltaking. Systemet stod ved lag i over 500 år og var viktig for å konstituere eit deltakingsmedvit som framleis står sterkt i den norske rettskulturen.Rettshistorieprofessor Jørn Øyrehagen Sunde fortel om kva landslova eigentleg inneheld, og korleis ho endra Noreg i samtida og for all ettertid. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.