Nasjonalbiblioteket

Byråkrati og byggjeklossar. Antonsen, Loe og Bang-Hansen

Informações:

Sinopse

Med eit parodisk blikk på byråkratiet, innpåslitne naboar og krangling med handverkarar, sette filmen Norske byggeklosser den norske, husbyggjande folkesjela under lupa. Filmarkivar Bent Bang-Hansen har vakse opp både bak og på lerretet til Norske byggeklosser, med ei rolle i denne og fleire av filmane til Pål Bang-Hansen. No får klassikaren ein oppfølgjar, der Atle Antonsen står for både manus og elleve av rollene. Antonsen er ikkje framand for å lage humor av tungrodd byråkrati, med tv-seriar som Etaten og NAV bak seg. Også Erlend Loe set ord på den sære norske folkesjela og byråkratiet, mellom anna i tv-serien Kampen for tilværelsen og romanen Fvonk. No møter dei tre Tonje Skar Reiersen til samtale, før det blir filmframsyning under open himmel. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.