Nasjonalbiblioteket

Dialektferda til Oslo. Håvard Rem, Karine Stjernholm, Don Martin og Lars Lillo-Stenberg

Informações:

Sinopse

Er målføra så svekte som språkforskinga meiner, og er dei samstundes så styrkte som bruken i songtekstar og sosiale medium kan tyde på? I den uvanlege språkhistoria til Noreg har dialektane spelt ei særs viktig rolle, frå 1600-talet til i dag, heile tida med songtekstar som eit viktig uttrykks- og lagringsmedium. Håvard Rem drøftar Oslo-dialekter og dagens songtekstar i samtale med språkforskar Karine Stjernholm og artistane Don Martin (Martin Ahzami Raknerud) frå austkanten og Lars Lillo-Stenberg frå vestkanten. Arrangementet er ein del av serien «Dialektferda», eit samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket og Dag og Tid. Ferda går i hovudsak til stader Ivar Aasen vitja under dialektinnsamlinga si i 1840-åra. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.