Nasjonalbiblioteket

Frå mystikk til mekanikk. Zahid om hjartemedisinen si historie

Informações:

Sinopse

Opp gjennom historia har hjartet blitt sett på som eit mystisk organ, som styrer tankar og kjensler. Gradvis fekk vi meir kunnskap om hjartet sin funksjon, og i dette oppdagingsarbeidet var ikkje norske legar bakpå. Faktisk er det mykje som tyder på at Vesten sin fyrste hjarteoperasjon blei gjennomført av den norske kirurgen Axel Hermansen Cappelen på Rikshospitalet i Kristiania i 1895. Wasim Zahid er lege og spesialist i indremedisin og kardiologi, så vel som skribent, føredragshaldar og forfattar. Han har skrive om hjartemedisinen si historie i boka Blod og bein. Lidelse, lindring og behandling i norsk medisinhistorie, som Nasjonalbiblioteket gjev ut i vår. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.