Nasjonalbiblioteket

Tvisynt og framsynt. Vesaas, Grepstad og Haugen

Informações:

Sinopse

Nasjonsbyggjar og folkeopplysar. Moderne bladfyk og folkekjær poet. Profet for målsaka, og martyr i same rørsle. Alvorstung, og på same tid ein skøyar. Han kunne «graata med det eine Augat og læ med det andre.» Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) har sett tydelege spor etter seg både i eiga samtid og i det Noreg vi kjenner 200 år seinare. Biografien A.O. Vinje. Ein tankens hærmann av Olav Vesaas kjem i høve Vinje-jubileet i ny utgåve, og direktør i Nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad har samla ein bibliografi over alle Vinjes skrifter. No møter dei Trond Haugen, fagansvarleg for Nasjonalbiblioteket si utstilling «Journalistikken – fridomens sjanger?», til samtale om Vinjes liv og virke, og korleis arven etter han lever vidare. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.