Nasjonalbiblioteket

Arkivert: Fra bedehus til Afrika. Sandmo, Sira Myhre og Okkenhaug

Informações:

Sinopse

«Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.» Slik lyder misjonsbodet i Matt 28,19. Og med desse orda i hjartet har nordmenn reist ut i nesten to hundre år for å frelse verda. Norske misjonærar sende brev heim om livet på framand jord, frå det svartaste Afrika eller det skumlaste Kina, og kyrkjer, bedehus og forsamlingar sende økonomisk og åndeleg støtte i retur. Misjonen sette sine spor på stadar som Madagaskar og Calcutta, men den var òg ein del av kvardagslivet i Noreg. No har Erling Sandmo og Aslak Sira Myhre invitert med seg misjonshistorikar Inger Marie Okkenhaug for å finne ut korleis nordmenn har blitt prega av åresal, lodd, vaflar og lysbilete frå misjonsmarka. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.