Nasjonalbiblioteket

Kvinnekampens talerøyr. Brekken, Larsen, Wilhjelm & Fossum

Informações:

Sinopse

Arrangement 15.3.2018 Med kvinnerørsla på 70-talet vaks ei ny offentlegheit fram, med ei rekkje nye tidsskrift som skulle få kvinner i tale. Sirene blei raskt populært då det i 1973 kom som eit feministisk alternativ til vekeblada. To år etter etablerte Kvinnefronten sitt eige tidsskrift, der dei i større grad ville løfte fram kvinner i arbeidarklassa. Hanne Wilhjelm var ein av redaktørane for Kvinnejournalen og sat i landsstyret til Kvinnefronten. Astrid Brekken var med å etablere Nyfeministane og var blant initiativtakarane til Sirene, medan IdaLou Larsen sat i redaksjonen då bladet gav ut sitt siste nummer i 1983. No møter dei redaktør i Fett, Hedda Lingaas Fossum, til samtale om feministisk offentlegheit før og no. ARRANGEMENTET ER DEL AV PROGRAMMET «KVINNEKAMP» See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.