Nasjonalbiblioteket

Myllargutens bruremarsj. Buen Garnås, Kåsa og Syvertsen

Informações:

Sinopse

Denne vemodige slåtten dikta spelemannen Tarjei Augundsson, Myllarguten, då jenta han var glad i gifte seg med ein annan. Myllarguten blei ei legende, og historiene om han og musikken hans er mange. Andreas Munch kalla han «Fjeldets raa søn», og Welhaven hylla han i eit langt dikt. I den norske folkemusikktradisjonen er musikken uløyseleg knytt til dei gode forteljingane, og dei gode forteljarane er høgt skatta. Per Anders Buen Garnås og Ottar Kåsa er to av dei fremste unge spelemennene i vår tid. No møter dei spelekvinne og vokalist Tuva Syvertsen til ei samtale der dei gode historiene står i sentrum. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.