Nasjonalbiblioteket

Revolusjonære tonar. Erling Sandmo om musikk og revolusjon

Informações:

Sinopse

Arrangement 14.10.2017 i Nasjonalbiblioteket Frå fridom, likskap og brorskap til fred, brød og jord. Det var ikkje berre i politikken dei nye framtidsretta ideologiane vann fram i åra frå den franske revolusjonen i 1789 til den russiske i 1917. Utover 1800-talet blei musikk ei individuell og sanseleg oppleving. Komponistane gjorde seg uavhengige av den politiske eliten, og musikken skulle ikkje lenger gje prakt og ære til makta, men forme og styrkje det sosiale fellesskapet mellom innbyggjarane. Dei politiske konfliktane i tida sette likevel djupare og større spor i musikken etter kvart som borgarskapet blei utfordra på fleire hald. Historikar og musikkritikar Erling Sandmo fortel om musikken mellom to revolusjonar, frå Marseillaisen til Internasjonalen. Arrangementet er ein del av Nasjonalbibliotekets serie om 1917 og den russiske revolusjonen. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.