Nasjonalbiblioteket

«Piri mitt mitt parian»

Informações:

Sinopse

Arrangement 22.11.2016 Dei særprega og vakre mellomalderballadane ber med seg dramatiske historier om alt frå død, valdtekt og blodhemn til vakker kjærleik og erotisk humor, frå religiøse visjonar og historiske hendingar til havfruer og snakkande dyr. Utstillinga «Piri mitt mitt parian» (22.11.–14.1.) trekkjer fram tre sentrale balladar – «Draumkvedet», «Villemann og Magnhild» og «Tordivelen og flua». Kva kan dei fortelje oss om korleis vi har levd før i tida, og kva vi har vore opptekne av? Prof.em. Olav Solberg er balladeforskar og har vore knytt til balladeprosjektet. Saman med kvedar Øyonn Groven Myhren, stortingspresident og kulturpolitikar Olemic Thommesen og musikar Knut Reiersrud samtalar han med redaktør i Bokmagasinet Karin Haugen om mellomalderballadar og arven dei ber med seg. Arrangementet er del av Nasjonalbiblioteket si lansering av tolv bind med mellomalderballadar: «Kråkevisa», «Bendik og Årolilja», «Per spelemann» og hundrevis av andre typar mellomalderballadar har bergteke og mora oss i fle