Nasjonalbiblioteket

Dansk reform. Språk og historie med Erling Sandmo og Agnete Nesse

Informações:

Sinopse

Arrangement 20.10.2016 Då reformasjonen kom til Noreg i 1536, fekk kyrkja ei hand på daglegliv, moral og samfunn. Gudstenester og skule fann stad på latin, og dansk blei det administrative språket. Samstundes gjorde boktrykkjarkunsten sitt inntog, bønder lærte å lese og skrive, og kontinentet kom nærare. Erling Sandmo er historikar med dansketida som eit av spesialfelta sine. Han har arbeidd med mange av dei same skriftlege kjeldene som det språkforskar Agnete Nesse har gjort, når ho dei siste åra har jobba med hanseatane og forholdet mellom skrift, tale og samfunn. No snakkar dei med Jens Kihl om korleis språk og identitet endra seg i tida før og etter reformasjonen. Samtalen er ein del av ei arrangementsrekkje om språk og historie på Nasjonalbiblioteket denne hausten: Språk viser kven vi er, og kvar vi kjem frå. Utviklinga av det norske språket er òg historia om Noreg. Korleis har historiske hendingar påverka språket vårt? Og kan måten vi skriv og snakkar på, endre samfunnet? I tre arrangement på Nasjonalbi