Nasjonalbiblioteket

Ei soge om språk. Arne Torp og Jón Viðar Sigurðsson

Informações:

Sinopse

Arrangement 22.9.2016 Noreg og Island stod i eit sterkt kultur-fellesskap i mellomalderen. Nordmenn hadde teke med seg språk og skikkar då dei busette seg på øyane i vest rundt år 870, og handel med norske kjøpmenn var naudsynt for Island. Men då dei svarte skipa kom med pesten til Bjørgvin i 1349, tok dei tette banda slutt. Og når konge og verdsleg makt blei samla i Danmark nokre tiår etter, tok det ikkje lang tid før islendingar og nordmenn ikkje lenger forstod kvarandre. Kva skjedde med språket då kontakten blei broten? Historikar Jón Viðar Sigurðsson og språkforskar Arne Torp møter Jens Kihl, politisk journalist i Klassekampen og mållagsmann, til samtale om språk og samfunn i mellomalderen. Arrangementet er ein del av Nasjonalbiblioteket si arrangementsrekkje om språk og historie hausten 2016: Språk viser kven vi er, og kvar vi kjem frå. Utviklinga av det norske språket er òg historia om Noreg. Korleis har historiske hendingar påverka språket vårt? Og kan måten vi skriv og snakkar på, endre samfunnet? I t