Nasjonalbiblioteket

Emigrantviser. Lars Bremnes, Abazar Hamid, Liv Kreken og Kari Slaatsveen

Informações:

Sinopse

Arrangement 26.5.2016 Europa er midt i den største flyktningkrisa og folkevandringa sidan den andre verdskrigen. Det er denne røyndomen visesongar Lars Bremnes har som bakteppe når han tek oss med på ei reise inn i emigrantvisene si verd og visearkivet til Nasjonalbiblioteket, i følgje med forskningsbibliotekar Liv Kreken og programleiar Kari Slaatsveen. Emigrantviser kan enten beskrive sjølve reisa til fjerne land, fortelje om hardt arbeid og tapte draumar i det håpefulle landet, eller om heimlengt og sakn. I Nasjonalbiblioteket sitt visearkiv finn ein fleire hundre slike meir eller mindre ukjende viser om emigrasjon frå Noreg. «Emigranten» frå byrjinga av 1900-talet er ei av dei, som Bremnes i kveld spelar med heilt ny melodi særskild laga for anledninga. Bremnes har sjølv skrive om det å vere flyktning, i visa «Elias sang», som i løpet av nokre månader blei kjent over store delar av verda. Bremnes syng «Elias sang» denne kvelden, men ho vil óg bli urframført på arabisk av Noregs første fribymusikar Abazar