Fjordingen På Flo Skue
- Autor: Vários
- Narrador: Vários
- Editora: Podcast
- Duração: 132:39:51
- Mais informações
Informações:
Sinopse
Fjordingen er lokalavisa i indre Nordfjord. I denne podcasten tek journalist Roy Aron Myklebust med seg spennande personar frå lokalmiljøet til utkikspunktet Flo skue. Med utsikt over strynebygda, løftar vi blikket og pratar om laust og fast. Både det den aktuelle gjesten er kjent for, men like mykje for å avsløre sider som er mindre kjent.
Episódios
-
#61 Sport und Spaß 6. november 2024
06/11/2024 Duração: 54minStortingspolitikar og storspringar Alfred Bjørlo og skiskyttar Simon Hjelmeset Kirkeeide er gjester i dagens sending. Og vi ringer opp "Månadens abonnent", Andre Flo.
-
Gjesteserie: Jabbing om jobb #5: Dama med samfunnsplanen - Oline Horten
29/10/2024 Duração: 23minOline Horten er ei ung oslokvinne som enda opp som prosjektleiar for Stryn kommune sin samfunnsplan. Høyr korleis året i Stryn har vore og kva tankar ho gjer seg om livet i ein liten vestlandskommune.
-
Gjesteserie: Jabbing om jobb #4 Mariann Rosa og scena som arbeidsplass
22/10/2024 Duração: 34minMariann Rosa, eller Thomassen som døypenamnet er, hadde stor suksess som vokalist og frontfigur i bandet Surferosa i perioden 2000-2009. I dag lev ho også av musikk, som DJ og med eige bookingbyrå for kvinnelege DJ-ar. I denne episoden kan du høyre korleis det er å ha scena som arbeidsplass.
-
#60 Sport und Spas 9.oktober 2024
10/10/2024 Duração: 01h02minSending nummer 60! Med oss i studio er energibomba Siri Linn Opsahl. Ho er treningsinstruktør, formann i idrettslaget, gründer og fritidskoordinator. Jon Terje Tjellaug gir siste status om Stryn fotball før dei to siste og avgjerande kampane i Kretsligaen, og vi får høyre om Randabygda sin nye landslagsspelar - i rugby!
-
Gjesteserie: Jabbing om jobb #3: Supersjef Tom Øyvind Solheim
09/10/2024 Duração: 40minTom Øyvind Solheim er supersjef i Nordfjordkompaniet, som blant anna jobbar med rekruttering, lærlingar og bulyst i Nordfjord.
-
Gjesteserie: Jabbing om Jobb #2: Bedriftsutvikling med Arild Bødal
25/09/2024 Duração: 43minHøyr kva den erfarne bedriftsleiaren, styreleiaren og investoren tenkjer kring bedriftsutvikling og organisasjonsbygging.
-
NY SERIE: Jabbing om jobb #1: Gründer Elisabeth Flo
19/09/2024 Duração: 37minJabbing om jobb er ein ny serie på Radio Stryn der vi møter personar frå ulike bransjar og kategoriar, og med ulike roller, i arbeidslivet. I den første episoden kan du bli betre kjent med gründer Elisabeth Flo (30) som driv Seniortrim.
-
#59 (1 sesong 8) Sport und Spaß 11.september 2024
11/09/2024 Duração: 59minGjester i studio er Jørgen Trøsken frå Stryn sitt herrelag i fotball, som pratar om kampen for tilværet i Kretsligaen, og handballtrenar Roy Veamyhr som er klar for nok ein sesong med handballdamene. I tillegg har vi med rekord-paret frå Skarsteinsetra Opp, Trond Håkon Trondsen og Synnøve Torp.
-
#58 Sport und Spaß 17.juni 2024
18/06/2024 Duração: 01h07minSommaravslutning! Vi snakkar med Torbjørn Hatledal om den nye 18 hols frisbeegolfbana på Ullsheim. Vi tek også ein prat med tidlegare norgesmeister i frisbeegolf, Jostein Håland. Og ikkje minst; truleg norges beste på å imitere sportsprofilar, Vidar Higraff, byr på både seg sjølv og ei rekkje imitasjonar. God sommar frå oss i SS!
-
Gjestesending: 20 år sidan Landsfestivalen for kor i Stryn
23/05/2024 Duração: 01h12min20.-22. mai 2004 var vesle Stryn arrangør av den store Landsfestivalen for kor. Arrangementet samla 1.500 songarar frå nærare 50 kor frå heile landet. Margaret Venøy Flo og Tanja Selbervik Hage var med i arrangementskomiteen og deler minner frå tre dagar med fire årstider.
-
Sport und Spaß sending 57, 15.mai 2024
16/05/2024 Duração: 56minVi har besøk av Trio Triathlon; Are Njøten, Anders Maurset og Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo.
-
Jubileumssending: Stryn Ping Pong Club (SPPC) 20 år
26/04/2024 Duração: 01h33minI april 2004 såg guteklubben Stryn Ping Pong Club dagens lys. Ganske tilfeldig og utan vidare plan for kva dette skulle utvikle seg til å bli. Kåre Tonning, Arve Aaning, Åge Rustøen og Christer Lunde Solberg er på plass i radiostudio for å mimre om 20 år med galskap og kameratskap. I tillegg bidreg Kim Rune Flo, Torstein Breivik, Jan Egil Flo og Robin Vonheim i sendinga.
-
Sport und Spaß sending 56, 17. april 2024
18/04/2024 Duração: 57minVi snakkar med produsenten av serie-suksessen Alt for Årdal, Torstein M. Haug. Stryningen Kjell August Ytre-Eide har 20-årsjubileum som dommar og Hans Petter Galtung gir oss Oldestafettens ABC!
-
Sport und Spas sending 55, 20. mars 2024
20/03/2024 Duração: 01h05sJan Erik Sandbakk er gjest og fortel meir om Loen-Vikane sin gledelege retur til seriefotballen. Den nye utvisingsregelen blir også grundig omtala i spalta Ka i allje daga!
-
Sport und Spaß sending 54, 14.februar 2024
15/02/2024 Duração: 52minGjest i studio er Svein Ørjasæter, utegåande reporter i VM skiskyting Nove Mesto er Inge Brynestad.
-
Del 3/3: 20 år sidan Junior VM 2004. Konkurransane.
06/02/2024 Duração: 42minVi tek ein prat med VM-kongen Petter Tande og han som var det lokale håpet, Ronny Hafsås. Gjester i studio er Ola Ødegård, rennleiar hopp i 2004, Olav Rune Seljeset, rennleiar kombinert, og Torstein Tvinnereim som var utegåande speaker på Ullsheim under junior-VM.
-
Del 2: 20 år sidan junior-VM i Stryn
01/02/2024 Duração: 45minFrode Bakken, Berit Hisdal Lunde, Sigrid Moldestad, Helge Sunde og Hans Holmøyvik er gjester i del to av mimreserien om junior-VM i Stryn 2004.
-
Sport und Spaß sending 53, 24. januar 2024
25/01/2024 Duração: 56minGjester: Stolt og fersk EM-vinnar-pappa, Sigbjørn Kirkeeide, fysioterapeut og gründer Kristian Brynestad og junior-VM-klare Torje Seljeset.
-
20 år sidan junior-VM i Stryn, del 1
24/01/2024 Duração: 37minI denne første sendinga ser vi tilbake på korleis det heile starta og korleis vesle Stryn rigga seg for gigantarrangementet i 2004. Gjester i studio er Oddvin Vonheim og Inge Fænn.
-
Førjulskos Radio Stryn 21. desember 2023 (NY og betre versjon)
23/12/2023 Duração: 01h55minGJESTER: Holko & Hauge, Linda Gytri, Anders Victor Kvile, Arne P. Sunde, Anne Merete Erdal og Marit Almenning.